Torsdag og fredag denne veka var Espen Schønfeldt på Øyrane vgs. Han er tilsett i Dysleksiforbundet.
Torsdag kveld var lærarar inviterte til foredraget "Frå analfabet til jurist". Han fortalde si historie og om vegen fram. Det meste av tida brukte han til å gir enkle råd for å jobb smartare. Når lesinga går seint må ein velje metodar som gir betre resultat. Han understreka viktigheita av å gi elevane oversikt i høve tema det blir undervist i.
Fredag var han først 2 timar i auditoriet med elevar frå skulen. Tema var då "kunsten å gjere seg betre forstått skrifteleg. Same tema hadde han for ungdom i oppfølgingstenesta seinare på dag.
Har søkt litt på blogger og dysleksi etter det og fant denne.
http://helgesenelise.wordpress.com/2009/02/26/25022009-dysleksi/
For dei som har interesse legg eg ved ein video om eit skiveprogram som mange med lese og skrive vanskar nyttar.
Fleksibilitetens forbannelse er kanskje overvunnet
-
Når en skal lage en MOOC er det viktig å avklare rammer for gjennomføring.
En strategi er å begrense gjennomføringen til et tidsrom, med
påmeldingsfrist, e...
for 10 år siden
Dysleksi er eit av satsingsområda til Øyrane vgs. Tidlegare var dei med dysleksi ein av skuletaparane. Heldigvis finns det gode hjelpemiddel no. Ved å kunne nytte seg av PC og Lingdys er det nok blitt litt lettare for desse elevane.
SvarSlettDet er viktig at lærarane har kjennskap til kva som finnes av hjelpemiddel. Ikkje elevar greier motivere seg til å bruke hjelpemiddel. Dei treng hjelp til å lære bruken, og sjå kva nytte dei kan ha av t.b. lingDys. Det er og viktig at hjelpemiddel fungerer når ein skal bruke det.
SvarSlett