Hemsedal

Hemsedal
Vi kan ikkje berre Blogge

tirsdag 16. mars 2010

Innlevering arbeidskrav 2

Arbeidskrav om sosiale media. Eg har valt å skrive tre faglege blogg innlegg om tema som har opptatt meg i denne perioden.

For å gjennomføre arbeidskravet har eg kommentert følgjande blogginnlegg i gruppa:
Roger Jan, Anne-Lise, Geir

Netvibes eg har laga finn du her Min RSS-kanal.

På gruppa mi er : Anne –Lise Rygg, Ola Solheim, Geir Johme, Roger Jan Støyva.

lørdag 13. mars 2010

Dysleksi

Torsdag og fredag denne veka var Espen Schønfeldt på Øyrane vgs. Han er tilsett i Dysleksiforbundet.
Torsdag kveld var lærarar inviterte til foredraget "Frå analfabet til jurist". Han fortalde si historie og om vegen fram. Det meste av tida brukte han til å gir enkle råd for å jobb smartare. Når lesinga går seint må ein velje metodar som gir betre resultat. Han understreka viktigheita av å gi elevane oversikt i høve tema det blir undervist i.
Fredag var han først 2 timar i auditoriet med elevar frå skulen. Tema var då "kunsten å gjere seg betre forstått skrifteleg. Same tema hadde han for ungdom i oppfølgingstenesta seinare på dag.

Har søkt litt på blogger og dysleksi etter det og fant denne.
http://helgesenelise.wordpress.com/2009/02/26/25022009-dysleksi/

For dei som har interesse legg eg ved ein video om eit skiveprogram som mange med lese og skrive vanskar nyttar.

Facebook

http://nb-no.facebook.com/
Kva kan Facebook nyttast til?


Facebook er eit media til å spreie informasjon til mange. Tal brukarar har auka enormt frå starten til i dag. Det er ikkje lett å karakterisere den typiske brukar av mediet, da eg opplever det som eit media som ikkje er knytt til alder, utdanning, yrke, sosialstatus eller liknande. Det gjer at ein når ulike grupper gjennom bruk av facebook.

Eg blir invitert til å støtt ulike politiske saker, vere med på fritidsaktivitetar, konsertar, kurs osv. Er det noko eg treng kan eg nok bruke facebook for å skaffe det. Det blir nytta både i private og offentlege samanhengar. Er det her som i dei fleste samanhengar berre fantasien som avgrensar bruken?
Mi facebook

onsdag 10. mars 2010

Ein måte å bli kjent med ungdom på.

Ved å lese bloggen til ungdom, kommentere og gi tilbakemelding har du høve til å gjere deg kjent med fleire sider ved ungdommen. Ungdomen formidler emne som han er opptatt av. Her kan ein hente ut nyttig informasjon som i neste runde kan hjelpe deg som lærar i komunikasjon med ungdommen. I oppfølgingstenesta møter ein av og til ungdom som ikkje greier å formidle eigne interesser. Dei har gjerne få mestringsopplevingar. Ungdommen kan ha opplevelsen av at skulen ikkje har verdsatt det som han har vore flink til.

Eg har i min jobb møtt ungdom som har eigen blogg, får respons på det dei skriv. Dei har aldri opplevd noko lignande tidlegare, og kunne gjerne tenke seg å leve av å blogge.

Min bloggliste

Min bloggliste